22. juli:

Sjå den offisielle minnemarkeringa i Møre og Romsdal

Nyhende

Torsdag 22. juli blir det gjennomført ei offisiell minnemarkering på 10-årsdagen for terroren i Oslo og på Utøya.

Minnemarkeringa finn stad i Molde domkyrkje og blir sendt direkte frå 12:00. Det blir også halde lokale minnemarkeringar rundt om i fylket, mellom anna i Hareid kyrkje torsdag kveld.


Minnemarkering i kyrkja 22. juli

Torsdag 22. juli er det ti år sidan terroråtaka på Utøya og Oslo. Det blir markert med minnegudsteneste i Hareid kyrkje.