To nye Delta-tilfelle i Ulstein

Nyhende

Ulstein kommune melder torsdag ettermiddag at dei har fått stadfesta to nye tilfelle av koronasmitte i kommunen. I begge tilfella er det snakk om Delta-varianten av viruset.

Begge er knytt til eit av smittetilfella som vart meldt onsdag, der ein person har vore på reise til ein leir på annan stad i landet.

Dei to tilfella som vart meldt onsdag var også av Delta-varianten.