Fleire søkjer yrkesfag enn studieførebuande

Over ni av ti søkjarar har fått plass på vidaregåande opplæring gjennom førsteinntak. I år har 1.900 fleire søkt yrkesfag enn studieførebuande i VG1.

Fleire vel yrkesfag: Stadig fleire søkjer seg inn på yrkesfaglege utdanningsprogram på vidaregåande. Teknologi- og industrifag har hatt størst auke i søkjartal det siste året.   Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Nyhende

– Noreg treng fleire fagarbeidarar, derfor er det bra at det stadig er fleire som søkjar yrkesfag, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).