Større smitteutbrot i Volda/Ørsta

Sist helg vart det registrert fleire tilfelle av koronasmitte i Ulstein og Hareid. Denne veka har ein fått eit større utbrot i Ørsta og Volda.  

Nyhende

Etter at det kom fleire meldingar om koronasmitte i Hareid og Ulstein mot slutten av førre veke, har det ikkje blitt stadfesta nye tilfelle i desse kommunane denne veka.

I Volda og Ørsta er situasjonen derimot annleis og der har ein dei siste dagane opplevd eit større smitteutbrot. Dei siste dagane er det meldt om 15 smittetilfelle i Volda og Ørsta, og for kommunane sin del er det ei utfordring at ein ikkje har kapasitet til å kontakte alle nærkontaktane til dei som er smitta. Det seier kommunelege i Ørsta, Marte Vaage Øie, til Ørsta kommune sine nettsider.

– Vi må rett og slett erkjenne at vi ikkje har kapasitet til å handtere eit så stort smitteutbrot midt i fellesferien. Normalt sett kontaktar vi alle nærkontaktar, men no kjem vi ikkje til å klare det. Vi har truleg heller ikkje oversikt over alle nærkontaktar sidan vi ikkje får snakka med alle og det er vanskeleg å nå oss. I denne situasjonen er det ekstra viktig at alle hjelper til for å unngå vidare smitte og å belaste kapasiteten på teststasjonen, seier Marte Vaage Øie til kommunen sine nettsider.

Mykje av smitten i Volda og Ørsta er blant ungdom eller unge tidleg i 20-åra. Smitten har truleg spreidd seg på festar og på utestaden My kitchen i Volda.

– Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover, då kan vi forhåpentlegvis stanse utbrotet, seier kommunelege i Ørsta, Marte Vaage Øie.

Under eit møte torsdag kom det fram at det i løpet av onsdag kveld og torsdag morgon var registrert ytterlegare 16 smitta i Volda og Ørsta.