Ungdomsklubben råka av vasslekkasje på Hareid rådhus:

- Utruleg trist at dette skulle skje

Det seier leiaren i ungdomsrådet i Hareid, Pravin Selva. Sjølv om lokala til ungdomsklubben skal ordnast til igjen - håper han at hendinga kan gi fortgang i oppfyllinga av ønsket om eit større lokale for ungdommane i kommunen.

Vasslekkasje: Som ein ser på dette bildet frå ungdomsklubben har det runne ein del vatn frå andreetasjen på Hareid rådhus og ned i etasjen under. Hardast råka var nettopp ungdomsklubben - og arbeidet med opptørking og renovering er alt sett i gang.  Foto: Erlend Friestad/Hareid kommune.

Nyhende

Det var på føremiddagen onsdag denne veka at lekkasjen blei oppdaga, ifølgje Hareid kommune (ekstern lenkje).