Avlyser arrangement i Hareid

Gjennom heile sommaren har det blitt arrangert ulike arrangement i Hareid sentrum laurdagane. Det var også planen denne veka, men no har arrangørane valt å avlyse som følgje av den usikre smittesituasjonen fleire stadar på Sunnmøre.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Gjennom heile sommaren har det blitt gjennomført ulike arrangement laurdagane i Hareid sentrum. I staden for å gjennomføre eit samanhengande Opplev Hareid har opplevingane blitt spreidde utover heime sommaren.

Denne helga skulle det mellom anna verte magiske opplevingar med Tito Magic i Hareid sentrum, i tillegg til at Sparebanken Møre skulle dele ut to Teft-stipend.

Fredag vart det klart at arrangementet denne veka blir avlyst. Annika Brandal i Opplev Hareid fortel at grunna den kraftige auken i koronasmitte i andre kommunar på Sunnmøre har ein vurdert det slik at det er tryggast å ikkje gjennomføre det planlagde programmet.

På sidene til Opplev Hareid på Facebook skriv arrangørane at dei synest det er synd å måtte avlyse, men at ein ønskjer å vere på den sikre sida og at ein tek smittesituasjonen på alvor.

Dei siste dagane har Ørsta og Volda opplevd eit stort utbrot av koronasmitte. Også i Ålesund er meir enn 50 personar smitta denne veka. Utbrota har så langt ført til at til saman 11 personar i Ulstein har gått i karantene.

Opplev Hareid skriv vidare at seinare arrangement vil bli vurdert fortløpande.