Rundt 300 personar i Ulstein har ikkje svart:

- Ta stilling til om du vil ha vaksine eller ikkje

No har alle som har fått tilbod om første vaksinedose i Ulstein kommune fått melding frå helsestasjonen. Men - til saman 300 personar har ikkje svart på denne.

Ønsker svar: Kristin Meli (t.v.), leiande helsesjukepleiar og vaksinekoordinator i Ulstein kommune - og helsestasjonkollega Kari Brandal - oppmodar no alle som har fått tilbod om første vaksinedose til å svare på dette. Her står dei i Reitensalen, der vaksinasjonen av innbyggjarane i Ulstein kommune går føre seg kvar onsdag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Med eit nytt smitteutbrot i Ørsta og Volda dei siste dagane – er det desto meir aktuelt å få vaksinert dei som har fått tilbod om første dose med koronavaksine. Difor opplevast det som det som ganske leit at så mange som 300 personar enno ikkje har svart helsestasjonen. Det har blitt sendt ut ei tekstmelding til kvar av desse personane – i tillegg til at det har blitt gjort forsøk på å kome i kontakt med mange via telefon.