To nye smittetilfelle i Ulstein

  Foto: FOTO: CENTERS FOR DISEASE CONTROL AND PREVENTION

Nyhende

Ulstein kommune melder fredag ettermiddag om at to personar i Ulstein har fått påvist koronasmitte.

Ein av dei var i karantene, men er no overført til isolasjon. Denne personen er knytt til eit av tilfella som vart meldt i Ulstein 21. juli.

Det vert jobba med smittesporing knytt til det andre tilfellet som er meldt.