Stengde nok ein gong fordi brannsløkkingsapparat blei fjerna:

- Det må bli ein slutt på dette

Seinast torsdag kveld i førre veke måtte naudetatane rykke ut til Eiksundtunnelen fordi nokon nok ein gong hadde fjerna eit brannsløkkingsapparat frå eit skap.

Stengd tunnel: Eiksundtunnelen har diverre fleire gonger vore stengd fordi nokon har forsynt seg med brannsløkkingsapparat.   Foto: Arkivfoto/Linda Eikrem.

Nyhende

– Det er klart at det opplevast som veldig frustrerande at enkelte gjer så ansvarslause ting. Spesielt frustrerande er det for naudetatane som må rykke ut til det som viser seg å vere falsk alarm, seier Olav Amund Myklebust, tunnelforvaltar og brannvernleiar i Møre og Romsdal, til Vikebladet Vestposten.