Talet på sysselsette på nivå med før koronakrisa

Justert for sesongvariasjonar auka talet på sysselsette med 42.000 frå februar til mai 2021. Med det er talet omtrent på same nivå som før koronakrisa.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).   Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Nyhende

Talet på sysselsette var i mai i år på rundt 2.737.000, viser tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå. I januar 2020, før koronakrisa, var talet på 2.749.000.