Alle som ikkje er vaksinerte og som skal på TIX-konserten, må teste seg

Koronatest til TIX-konserten: Smittevernlege Michael Dahl i Ulstein (i midten) opplyser at born og unge som ikkje er koronavaksinerte, må teste seg før TIX-konserten onsdag. Det må også vaksne som ikkje er fullvaksinerte, eller som ikkje har fått første vaksinedose for minst tre veker sidan. Festivalleiarane Hugo Antonsen og Line Urke fortel at alle som skal inn på konserten skal ha grønt koronaband eller koronapass.   Foto: Anne Gry Eilertsen

Testpinnen skal berre 2 cm inn i nasen, så det blir om lag som å ta ut ein «bobbis». Det er verken ubehagleg eller smertefullt.

Smittevernlege Michael Dahl
Nyhende

For å vere trygge på at koronaen ikkje får spreie seg, må alle som ikkje er vaksinerte, og som skal på TIX-konserten, teste seg. Smittevernlege Michael Dahl i Ulstein lovar at det skal skje på ein trygg og smertefri måte.