Møt til avtalt tid for testing

Nyhende

I papiravisa av Vikebladet Vestposten tysdag 17. august står det at det ikkje er så nøye at folk møter presis til koronatestinga før dei skal på Tix-konsert. Dette er feil.


Smittevern på Tix-konserten

Spår at testinga av publikum går fort

Alle som skal inn på TIX-konserten må ha gyldig koronasertifikat. Dei som ikkje er vaksinerte må teste seg. Arrangør Line Urke seier at dei ikkje gjer dette for å plage folk, men for å følgje reglane.


Det er særs viktig at dei som skal teste seg møter til avtalt tid, for å unngå at mange folk kjem på ein gong og at det blir kaos. Om tidspunktet du har fått tilsendt på e-post for testing ikkje passar, kan du ta kontakt med arrangør for å avtale eit nytt tidspunkt.


Han skal opne for TIX

Bjørn Tore Øvrelid går under artistnamnet «Birdie Pirat». No skal han varme opp for TIX under Heimebanefesten.


Barn og unge og andre som ikkje er vaksinerte må teste seg før dei slepp inn på konserten onsdagskvelden.

I papiravisa står det også at folk kan ta med eigen stol om dei vil, det stemmer heller ikkje. Alle skal stå, bortsett frå dei rørslehemma, som vil få stolar å sitje i.