Arbeidet med langhuset på Leira går etter planen – tett hus i løpet av hausten 2022 er framleis målet for eldsjelene bak Hjørungavåg Vikingpark:

– Eit stort pluss for Hareid kommune og regionen elles

Det var orda til ordførar Bernt Brandal, då han skrytte uhemma av dugnadsgjengen som allereie har lagt ned tusenvis av dugnadstimar på Leira.

Mange dugnadstimar: Bjørn Overå (bildet) og dei andre dugnadskarane har allereie lagt ned meir enn 3.000 dugnadstimar på arbeidet med å førebu materialet til langhuset i Hjørungavåg Vikingpark. Totalt sett reknar ein med vel 9.000 dugnadstimar før ein seier seg ferdig. Her høvlar karane på ein stor furustokk, som skal vere ei av hovudsøylene i gildehallen i langhuset  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Lukta av nyhøvla furu og ein gjeng dugnadskarar i lystig lag var det som møtte ordførar Bernt Brandal og hans følgje då dei besøkte Hjørungavåg Vikingpark måndag.