Vil ha lokale statistar:

Skal spele inn scener til film basert på Jo Nesbø-roman i Ulsteinvik

Den italienske regissøren Francesco Carrozzini har allereie vore på "location" i Ulsteinvik - og kjem etter planen tilbake for innspeling av scener til filmen «The Hanging Sun» – basert på Nesbø si bok «Mere blod».

Her ser ein posten den italienske regissøren Francesco Carrozzini la ut på Instagram-profilen sin for nokre dagar tilbake - der han har tagga Ulsteinvik. Han kjem tilbake til Ulsteinvik for å filme inn scener til filmen «The Hanging Sun» – basert på Jo Nesbø si bok «Mere blod» frå 2015. 

Nyhende

Carrozzini har blant anna regissert musikkvideoar for verdskjende artistar som Jay-Z, Sia og Nicki Minaj - men skal no altså ha regien på filmen som har fått den internasjonale tittelen «The Hanging Sun».