Ishavsmuseet Aarvak

Fått fast post

Etter ein lang kamp har Ishavsmuseet Aarvak blitt ein fast post på statsbudsjettet. Der står det ein million. – Det betyr mykje. Det skaper føreseielege rammer, takkar Webjørn Landmark og Willy Nesset.

Stirrige: Anders Riise, Lena Landsverk Sande, Willy Nesset, Annika Brandal og Vebjørn Landmark syntest det passa bra å stille seg opp med Ishavskjerringa for fotograferinga. Ho var stirrige, og det er dei også, seier dei og lovar å kjempe vidare for Ishavsmuseet Aarvak. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Det er varaordførar Annika Brandal (V), Anders Riise (H) og Lena Landsverk Sande (V) som kjem til Ishavsmuseet med den gledelege nyheita. Dei fortel at regjeringspartia (H, V og KrF) pluss Framstegspartiet har fått fleirtal på Stortinget så Ishavsmuseet har fått ein fast post i statsbudsjettet. No ligg museet inne med ein million.