Skulda «ekspertgruppe» for å ha politisk agenda

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) hadde ikkje tillit til at Storberget-utvalet hadde gjennomført ei analyse som ikkje var farga av politisk bakgrunn.

Skeptisk: Ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) skulda Storberget-utvalet for å vere politisk farga og meinte sjølv han la fram ei tilråding som var meir balansert. Men framlegget hans fekk berre ei røyst og fall. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Som ein del av Statsbudsjettet for 2021 bad Stortinget Regjeringa om å setje ned eit utval for å grie ut finansiering av private barnehagar. Utvalet har vore leia av Knut Storberget. I utvalet har han hatt med seg representantar frå Fagforbundet, KS, Virke, Private Barnehagers landsforbund og Utdanningsforbundet.