Nytt smittetilfelle

Nyhende

Ein gjestearbeidar i Ulstein har testa positivt for korona. Det melder Ulstein kommune.

Vedkomande har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon.

Den smitta har ingen nærkontaktar.

Kommunen har også fått svar på kohorttestane frå dei fire tiandeklassene. Alle testane viste seg å vere negative.