Turnhall

– Ikkje dette eg såg for meg

Ulstein formannskap godkjende avtalen til om bygging og finansiering av ny turnhall, men Steinar Torvik fekk med at kommunen skal ha førsteprioritet pant i eigedomen.

Bekymra: Steinar Torvik (Kristeleg Folkeparti) fekk inn eit tillegg i vedtaket om at Ulstein kommune skal ha førsteprioritet pant i eigedomen.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

KrF-representanten syntest ikkje det var samsvar mellom korleis han fekk saka om turnhall presentert på kommunestyremøtet før sommaren, og tilråding no der kommunen skal stille sjølvskyldnar kausjon til Hødd turnhall AS, der føremålet er bygging og drift av turnhall.