Vil diskutere kva som skaper bulyst

Bulyst skal vere tema for eit felles møte mellom politikarar og tilsette i Ulstein kommune.

Bulyst: Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) vil ha ein diskusjon om bulyst. 

Nyhende

Etter initiativ frå Lisa Mari Breivik Anderson diskuterte formannskapet bulyst. Anderson ville at administrasjonen skulle legge fram ei sak om bulyst i Ulstein kommune. Kva skal til for at folk trivast i Ulstein, og kva skal til for at folk vert buande, flyttar til eller flyttar tilbake til krinsane i Ulstein kommune?