15-åringane skal få bestemme:

- Vi vil dei skal få kjenne på gleda

Alle kundane til Sparebanken Møre fødde i 2006 – også i Hareid og Ulstein - skal få prøve seg som «banksjefar for ein dag» - då dei skal få dele ut samfunnsutbytte frå banken til velgjerdsarbeid.

Vil la 15-åringane bestemme: Både Sølvi Anita Rekkedal (t.v.) og Cathrine Johansen er autoriserte finansielle rådgjevarar - og held høvesvis til på Sparebanken Møre sine kontor på Hareid og i Ulsteinvik. Dei ønsker gjerne at årets 15-åringar gir 300 kroner dei får på toppen av gåva dei får frå banken, til velgjerdsarbeid.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

– Tenåringane får 300 kroner kvar i gåve frå banken – pluss 300 kroner frå vårt samfunnsutbyte, som dei kan gi vidare til ein av dei tre organisasjonane «Sykehusklovnene», «Røde Kors – ferie for alle» eller «Mental Helse Ungdom», fortel Sølvi Anita Rekkedal og Cathrine Johansen til Vikebladet Vestposten.