Stortingsvalet

Håper på fleirtalsregjering

Hanne Notøy ser gjerne at Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta får ein ministerpost. Ho håper dei lukkast med å danne regjering med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV.

Valnatta: Måndag var det valvake for alle dei politiske partia på Brygga Sportsbar. Renathe Rossi-Kaldhol, Ivar Mork og Hanne Notøy var strålande nøgde med å ha fått inn to representantar frå Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. Dei kunne også glede seg over at fleire i Ulstein kommune røysta på Arbeidarparti denne gongen samanlikna med førre stortingsval. Men Framstegspartiet var største partiet i både Ulstein og Hareid. Foto: Linda Eikrem 

Nyhende

Hanne Notøy er leiar i Ulstein Arbeidarparti Når lokalavisa ringer henne driv Jonas Gahr Støre og har samtalar med både Senterpartiet og SV i håp om å få begge partia med i regjering med Arbeidarpartiet.