Ny sjøanemone oppdaga i våre farvatn, kan gi stygge brannsår

FIN, MEN FARLEG: Ho er fin å sjå til, men kjem du i kontakt med Anemonia viridis kan resultatet vert brannsår. Sjøanemona er eigentleg heimehøyrande ved Dei britiske øyane, men er no på veg nordover langs Norskekysten.  Foto: Siri R. Moy, Norsk institutt for vassforsking, NIVA

Nyhende

Stygge brannsår kan verte det sviande resultatet dersom du kjem i kontakt med denne sjøanemonen. Ei gruppe forskarar frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Universitetet i Oslo, dreiv tidlegare denne månaden feltundersøkingar i området. Eit av funna dei gjorde var altså fleire førekomstar av ein nykomling i norsk fauna, nemleg den lite trivelege Anemonia viridis.