– Det er omsorg å spørje

Ole-Petter Holøs meiner arbeidstakar skal spørje korleis det går med den sjukmelde. Det er å bry seg.  

Nyhende

Hareid kommunestyre fekk sist torsdag ei grundig orientering frå Nav. Ole-Petter Holøs, avdelingsleiar, snakka om inkluderande arbeidsliv (IA). Alexander Måseide, Nav-sjef for Hareid, Ulstein og Sande, fortalde korleis dei arbeider lokalt for å kople saman arbeidstakarar og arbeidsplassar.