Inviterer små maritime verksemder til å delta i flunkande nytt vekstprogram:

– Kan gi gode synergiar

Klyngeprogrammet GCE Blue Maritime, ÅKP og Mafoss samarbeider om eit nytt vekstprogram, ÅKP Vekst – for små maritime verksemder. Den første piloten skal gjennomførast på Ytre Søre Sunnmøre.

Samarbeid: Robert Voldnes, seniorrådgjevar og kompetansemeklar ved ÅKP sitt kontor på Søre Sunnmøre – og Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Maritim Foreining for Søre Sunnmøre (Mafoss), gler seg til ÅKP Vekst kjem i gang i oktober. Dei vil gjerne at fleire små maritime verksemder melder si interesse for programmet.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Det blir meir og meir fokus på sal via digitale flater

Robert Voldnes og Jan Thormodsæter
Nyhende

– Erfaringane vi gjorde oss då vi gjennomførte ein slik pilot for to kull med små reiselivsverksemder var såpass gode at vi tenkte at vi måtte prøve det innanfor det maritime også, seier Robert Voldnes.