Søndag blir Mirjam prest

Året på Sagavoll Folkehøgskole fekk mykje å seie for Mirjam Håland Igland sitt val om å bli prest. Førstkomande søndag blir 25-åringen ordinert i Ulstein kyrkje.

Blir ordinert søndag: Mirjam Håland Igland blir førstkomande søndag ordinert i Ulstein kyrkje – av sjølvaste biskop Ingeborg Midttømme. 25-åringen frå Asker og mannen Håkon har nyleg flytta til Ulstein – og har allereie funne seg godt til rette. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Det verkar som ein fin og aktiv kyrkjelyd, med folk i ulike aldersgrupper. Eg gler meg til fortsetjinga

Mirjam Håland Igland, kapellan – snart prest, i Ulstein sokn
Nyhende

Noko av det viktigaste og største ein prest opplever i løpet av livet er ordinasjonen.