Noregs Bank heva styringsrenta torsdag:

– Ikkje for seint å ta grep

Det seier Einar Magne Skeide, mangeårig økonomilærar ved Ulstein Vidaregåande skule.

Ber folk passe på: Einar Magne Skeide (bildet) har gjennom meir enn 30 år undervist hundrevis av elevar i samfunnsøkonomi ved Ulstein vidaregåande skule. Når styringsrenta no blir heva – oppmodar han forbrukarane lokalt om å førebu seg.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Torsdag blei styringsrenta til Noregs Bank som venta heva til 0,25 prosentpoeng – frå historisk låge 0 prosent. Noko som vil få konsekvensar for hundretusenvis av bankkundar. Til dømes er det ganske vanleg at bankane endrar sine utlånsrenter på bustadlån når sentralbanken hevar eller senkar styringsrenta. Nokre bankar har derimot allereie varsla at dei ikkje endrar sine rentesatsar etter denne hevinga.