Den nye sjefen for reinhaldsverket

Ørstingen Arnstein Myklebust (50) har skifta beite. Etter å ha vore kyrkjeverje i Ørsta dei siste åra, tok han 1. september til i stillinga som dagleg leiar for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Klar til innsats: Med eit topp moderne hovudanlegg i Saunesmarka og fagleg dyktige medarbeidarar har den nye daglege leiaren ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Arnstein Myklebust, trua på at bedrifta skal bidra til eit berekraftig grønt skifte i regionen. Foto Anne Gry Eilertsen 

Nyhende

Dei 21 dagane i den nye jobben har han brukt til å helse på dei tilsette, bli kjend med gjeremåla og regelverket. Sistnemnde er temmeleg omfattande, og han reknar med det vil ta litt tid før reglane sit spikra.