Sommarvarme og kraftige vindkast

Det er sendt ut gult farevarsel om kraftig vind i deler av Møre og Romsdal i starten på den komande veka. Samstundes er det venta temmeleg høge temperaturar, spesielt tidleg i veka.  

Nyhende

Overgangen til ei ny veke blir markert med temperaturar som kan kome over 20 plussgrader. Det melder Yr.no. Truleg er det måndag som blir den varmaste dagen, men også søndag var det varmt til å vere seint i september.