Dei lokale Ap-laga slår ring om ambulant seksjon i Myrvåg

Myrvåg: Ap-laga i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven ønskjer ikkje å flytte den ambulente tenesta i Myrvåg til Volda.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Arbeidarpartiet sine lokallag i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven har sendt felles brev til styret i Møre og Romsdal Helseforetak. Dei skriv at dei er særs uroa over planane om å flytte ambulant seksjon i Myrvåg til Volda.