– Robek er ikkje ein artig plass å vere

– Alle pilane peikar feil veg, sa Sissel Hol frå statsforvaltaren då ho skildra økonomien til Hareid kommune for formannskapet sist måndag.

Statsforvaltaren: Seniorrådgjevar Sissel Hol fortalde at Stranda kommune hadde mykje å hente i å rydde i eige hus. Dei rydda i einingane og kvar dei hadde ført ulikt, for å få ei realistisk oversikt over inntekter og utgifter. Så hadde dei sett på kvar dei kunne kutte. – Det var vanskeleg å legge seg på eit realistisk nivå, dei måtte justere litt etter kvart, sa ho. Det var månadleg rapportering, var det overforbruk på rammene einingane hadde fått, så var det rett inn på teppet. Alle foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Hareid kommune slit med å få utgiftene til å ikkje bli større enn inntektene. Lånegjelda går opp, og dispensasjonsfondet blir mindre år for år.