Låssenteret Møre Beslag:

– Vi har hatt ein god og jamn vekst

Sikkerheitssenteret og låsesmeden i Saunesmarka har mange prosjekt på gang – og har blant anna utført oppdrag på nye Ulsteinvik barneskule og Hareid Helsehus.

Nøkkelveggen: Avdelingsleiar Kenneth Rogne og prosjektleiar Arve Nupen står her i verkstaden til Låssenteret Møre Beslag i Saunesmarka - der ein har mange ulike nøkkelemne utstilt. Låssenteret er i dag Noregs største privateigde sikkerheitssenter og låsesmed.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Låssenteret AS er Noregs største privateigde sikkerheitssenter og låsesmed – med 30 avdelingar frå Kirkenes i nord til Halden i sør. I 2017 fusjonerte Låssenteret med det som tidlegare heitte Møre Beslag – og sistnemnde blei med det ein del av ei landsdekkjande kjede. Ulsteinvik-avdelinga til Møre Beslag blei også med det ein del av Låssenteret.