Spurte kvifor Hareid ikkje hadde søkt

Oskar Grimstad synest kommunen må vere meir vakne og søkje om midlar.

SFO: Oskar Grimstad ville vite kvifor Hareid ikkje har søkt om pengar til å gje førsteklassingar med dårleg råd gratis SFO. 

Nyhende

Tidlegare i år oppretta regjeringa ei ny tilskotsordning. Målet var å få fleire kommunar til å tilby gratis SFO til elevar i 1. trinn frå familiar med låg inntekt. Det var 19 kommunar som søkte, og dei får til saman 12 millionar denne hausten. Korkje Ulstein eller Hareid står på denne lista.