Vil ta opp att diskusjonen om hurtigbåt mellom Bergen og Ålesund

Under møtet til Nordfjordrådet måndag tok ordførar i Kinn, Ola Teigen, initiativ til diskusjon og samarbeid om hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund.

Vil ha hurtigbåtrute på agendaen: Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen, vil setje hurtigbåt frå Bergen til Ålesund på agendaen att.   Foto: SELINE LARSEN/FJORDENES TIDENDE.

Nyhende

(Fjordenes Tidende): Ønsket om ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund har vore diskutert i rådet tidlegare og spelt inn til fylkeskommunen. Då bar innspelet ingen frukter grunna utfordringar med å få til heile strekninga.