Fem nye smittetilfelle

Den siste veka er det registrert fem nye tilfelle av koronasmitte i Ulstein kommune.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Ulstein kommune melder onsdag at det er registrert fem nye tilfelle av koronasmitte i Ulstein kommune den siste veka. Av desse er tre gjestearbeidarar i Ulstein, som har blitt smitta i samband med det omfattande utbrotet på Myklebust verft i Sande.