Meir enn 60.000 nyttar systemet til Ulsteinvik-verksemda:

– Frigjer tid og ressursar

Ulsteinvik-busette Hege Longva står bak NOA (Notice of Attendance) – eit system for digital oppmøteregistrering i skulen. No har ho og teamet også fått med seg ein ung ulsteinvikar på laget.

Driv populært system frå Ulsteinvik: Frå kontoret sitt på Geileneset i Ulsteinvik styrer Hege Longva NOA (Notice of Attendance), som er eit system for digital oppmøteregistrering i skulen. Meir enn 60.000 elevar og studentar kring om i landet nyttar i dag dei ulike modulane til NOA.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

– Det er eit system som frigjer tid for både undervisarar og administrasjonen – der studentane tek ansvar for å få registrert oppmøtet sitt sjølv – via appen NOA, seier Hege Longva.