Ny smitte på skulen

Det er i dag, torsdag, stadfesta ny smitte av covid-19 både ved Hareid ungdomsskule og Hjørungavåg skule
Nyhende

Rektor på ungdomsskulen, Siv-Marit Kaldhol, skriv i ei melding til dei føresette at alle elevar i tiandeklasse, som er på skulen i dag, får ta ein sjølvtest før dei går heim for dagen. Dersom resultatet er positivt, skal skulen ta kontakt med elev og føresette.