Fem nye koronasmitta

Nyhende

Det er sett i gang smittesporing og testing av nærkontaktar etter at fem nye gjestearbeidarar i Ulstein har fått påvist koronasmitte. Eitt av tilfella vart meldt fredag kveld, medan dei fire andre vart rapportert inn på laurdag. Dette opplyser Ulstein kommune laurdag kveld.

Kommunen meldte fredag ettermiddag om at ein gjestearbeidar hadde fått påvist smitte. Desse fem tilfella kjem i tillegg til denne.