Den urbane bondestudenten

Ulstein vidaregåande skule er 50 år i år. Mykje har skjedd på dei 39 åra Oddny Ekroll har arbeidd ved skulen. Det var ho som starta opp med utanlandsturar for språkelevane.

På biblioteket: Oddny Ekroll er glad i litteratur og språk. – Ja, sjølvsagt, svarer ho på spørsmål frå journalisten om ho er biblioteksven. Det fall seg naturleg å ta intervjuet på Ulstein bibliotek når huset var fylt opp av born og barneborn. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Oddny Ekroll vaks opp som odelsjente i Engesetdalen. Dei var tre systrer som måtte hjelpe til på garden frå dei var små. Den unge Oddny las Tarjei Vesaas og levde seg inn i historia om Per Bufast som skulle vere på Bufast all si tid. Letta var stor då broren vart født og tok over odelsretten, då kunne Oddny ut å studere, noko som passe henne mykje betre.