Ny Hurtigruten-kontrakt

MS Kong Harald skal gjennom ei grøn oppgradering og den skal gjennomførast ved Myklebust Verft i samarbeid med Kongsberg Maritime.   Foto: Hurtigruten

Nyhende

Myklebust Verft i Sande har saman med Kongsberg Maritime fått oppdrag frå Hurtigruten Norge om ei større miljøoppgradering av hurtigruteskipet Kong Harald. Det går fram av ei pressemelding frå verftet.