Treng over 100 nye omsorgsbustader dei neste 20 åra

Ulstein kommune reknar med at dei må byggje langt fleire omsorgsbustader framover for å stette behovet i 2040.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Administrasjonen til Ulstein kommune har rekna på kor mange nye omsorgsbustader kommunen vil trenge dei komande åra. Det har dei gjort på oppdrag frå kommunestyret, som vedtok tidlegare i år at det skulle «avklarast behov for investering i omsorgsbustadar».