Utsett Helseplattformen til staten tar rekninga

Hareid formannskap vedtok samrøystes at kommunen bør utsette vidare arbeid med Helseplattformen. Og dei trur fleire kommunar vil følgje etter.

Politisk signal: Ordførar Bernt Brandal var krystallklar på at staten bør ta rekninga for Helseplattformen. Dette er ikkje noko Hareid kommune har pengar til. Arkivfoto 

Nyhende

Tilrådinga frå kommunedirektør var at opsjonen frå 2017 vert løyst ut for Hareid kommune, saman med dei andre kommunane i sjustjerna, så skulle kostnadene med Helseplattforma bli lagt inn i økonomiplanperioden for 2022–2025.