I dag startar Klassequizen

Selda Ekiz er også i år programleiar for Klassequizen på TV.   Foto: Ole Kaland

Nyhende

NRK Møre og Romsdal er godt i gang med opptaka til Klassequizen 2022 i Møre og Romsdal. Dei var tidlegare i haust og tok opptak på Hareid ungdomsskule og Ulstein ungdomsskule.



Korleis det gjekk får me ikkje vite før det blir sendt på radio. I år er det rekordmange med og konkurrerer om å bli fylkets smartaste tiandeklassingar.



I dag, onsdag 13. oktober, startar sendingane på radio. Kvar vekedag i ettermiddagssendingane til NRK Møre og Romsdal vil ein skule konkurrere heilt fram til desember. Første skule ut er Skodje ungdomsskule. Onsdag 27. oktober kan du høyre elevane frå Hareid ungdomsskule, og torsdag 28. oktober kan du høyre elevane frå Ulstein ungdomsskule.

Årets quizmaster er Øyvind Berge Sæbjørnsen. Han losar elevane gjennom 4 kategoriar med 3 spørsmål i kvar kategori.

Kven kjem på TV?

I år som tidlegare skal det kårast to fylkesvinnarar, og begge desse laga vinn 5000 kroner til klassekassa og skal vidare til nasjonale finalar i Oslo.

Også i år skal dei nasjonale finalane sendast på NRK 1. Dette blir tidleg på nyåret. Programleiar for desse sendingane er Selda Ekiz.

Vinnaren av Klassequizen 2022 vinn ein konsert på skulen sin med radiokanalen Mp3.





Ulstein ungdomsskule vart fylkesvinnarar i 2020, og skulle eigenleg konkurrere i Oslo, men så vart TV-sendingane avlyst i 2021 på grunn av koronaen.