Oppdaga kokegrop frå romartida i Hareid sentrum

Nyhende

Under anleggsarbeid i botnen av Hjellebakken i Hareid sentrum vart det onsdag i førre veke oppdaga ei kokegrop med diameter på om lag 140 centimeter. Gropa kan vere 2000 år gammal, og fortel at folk har sete heilt nede i strandkanten og laga seg mat.