Har signert leigekontrakten – no kjem Mjøl & Meir til Kjøpmannsgata:

– Vi gler oss veldig

I vinter kunne lokalavisa melde at Ulshav AS ønskte å etablere eit bakeriutsal på Hareid. Torsdag blei leigekontrakten på lokalet i Kjøpmannsgata signert. Det betyr også at det kjem på plass viktige tiltaksplassar i Hareid kommune, noko Ulshav er glade for å kunne tilby.

Signert leigekontrakt: Her viser ein glad gjeng med representantar frå utleigar og leigetakar fram leigekontrakten som bekreftar at Mjøl & Meir skal drive bakeriutsal frå Kjøpmannsgata 69 på Hareid. Frå venstre ser ein Magnar Hatløy, dagleg leiar i Ulshav AS, Linda Silova, avdelingsleiar for Mjøl & Meir Ulsteinvik og Mjøl & Meir Hareid, styreleiar i Ulshav AS, Yrjar Garshol – og Jon Olav Slettebakk og John Arnt Brandal, høvesvis dagleg leiar og driftsleiar i Elementmontering AS.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Magnar Hatløy, dagleg leiar i Ulshav AS, kunne fortelje lokalavisa at det har vore svært stor interesse knytt til ei eventuell etablering av Mjøl & Meir på Hareid.