– Bestill time for influensavaksine på helsestasjonen

No står influensasesongen for tur og for alle som har fylt 65 år er denne vaksinen gratis. Nytt av året i Ulstein er at den som skal vaksinere seg må bestille time på førehand.

Influensa: 27. - 29. oktober vert det influensavaksinering på Reiten for dei som er over 65 år . – Men bestill time ført, oppmodar Kari Brandal ved helsestasjonen. ARKIVFOTO  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Det gjer du enklast på nettet, det er ikkje så komplisert som mange trur. Vi nyttar det same timebestillingssystemet som vi har brukt under koronavaksineringa, www.c19.no, seier vaksinasjonskoordinator Kari Brandal ved Ulstein Helsestasjon.