Klart for Snipsøyrvatnet rundt

Det tradisjonsrike løpet går igjen under siste helg i Hareidsstemna.

Snipsøyrvatnet Rundt: Laurdag går den 42. utgåva av det tradisjonsrike løpet. Foto: Erik K. Heimdal. 

Nyhende

I fjor vart det Snipsøyrvatnet rundt, men ikkje Hareidsstemne. I år går begge deler for fullt og laurdag er det igjen tid for å måle krefter på den 12,5 kilometer lange løypa med start og målgang på Bigset. I år er det 42. gongen løpet blir arrangert, etter oppstarten i 1980.