– Eg kan ikkje tenkje meg noko anna

Martinus Slettebakk er særs nøgd med å arbeide langvakter i omsorgsetaten. Dette er ei ordning både tilsette, leiinga og brukarane har gode erfaringar med.

Nøgde tilsette: Hege Sandnes, Elisabeth Tandberg, Bjørg-Allis Haanes og Martinus Slettebakk trivst godt med å gå langvakter. Dei er meir fokuserte på jobb når dei er på jobb, og får nyte godt av lengre periodar med fri. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

– Eg bruker å seie at eg har to familiar. Eg har ein familie heime, og ein familie på jobb, seier Martinus Slettebakk som arbeider i Hovstøylvegen. Han fortel at han sidan hausten 2016 har arbeidd i vakter på 14 timar, noko som passar han veldig bra.