Ulstein og Hareid bytta plass i toppen – samla inn mest i fylket:

Best i Møre og Romsdal

Ulstein samla inn flest TV-aksjonskroner per innbyggjar, av alle kommunane i Møre og Romsdal. Hareid var nest best. Det er begge innsamlingsleiarane strålande nøgde med.

Best i fylket: Her ser ein Ulstein sin aksjonskomité - frå då dei etterlyste fleire bøsseberarar i starten av oktober - Gerd Fjellanger (f.v.), Inger Anne Dimmen, Knut Erik Engh, Kari Mari Øvrebøe og Stian Lehmann Scheide. Lena Værnes Løseth var ikkje til stades. Aksjonskomiteen er naturlegvis strålande nøgde med at Ulstein blei best i Møre og Romsdal i 2021 – på innsamla kroner per innbyggjar. Med det bytta dei også plass med fjorårets beste kommune – nabo Hareid.   Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Eg er kjempestolt av skuleelevane både i Hareid og Ulstein

Bernt Brandal (Folkelista), ordførar og aksjonsleiar i Hareid kommune
Nyhende

Heile 82,85 kroner gav kvar innbyggjar i Ulstein kommune i snitt – til årets TV-aksjon «Barn, ikkje brud» – der inntektene gjekk til Plan International sitt arbeid. Du kan sjå oversikta over kommunane her (ekstern lenkje).