Samla inn 80.000 kroner til TV-aksjonen:

Ordføraren farga rektoren sitt hår rosa

Hareid-ordførar Bernt Brandal stilte opp som frisør då rektor Hege Tretnes skulle få rosa hår måndag. Ho hadde nemleg lova elevane ved Hareid skule at ho skulle farge håret dersom dei klarte å samle inn meir enn 75.000 TV-aksjonskroner.

Ordføraren farga håret til rektoren: Til stor latter både frå hovudpersonen sjølv, rektor Hege Tretnes - og elevane ved skulen - farga ordførar Bernt Brandal håret hennar rosa. Ho hadde nemleg lova at ho skulle farge håret rosa dersom elevane ved skulen klarte å samle inn meir enn 75.000 kroner til TV-aksjonen.  Foto: Hareid skule.

Nyhende

Totalt 80.000 kroner klarte elevane ved Hareid skule å samle inn til årets TV-aksjon – 6.000 kroner meir enn i 2020. Med det måtte håret til rektor Hege Tretnes fargast rosa.