– Blir stadig påminna kor fin denne dagen var

Wilde Amalie Jakobsen Longva synest det er ganske kult at det nettopp er bryllaupsfotoet av henne og mannen som skal vere med å representere Noreg i World Photographic Cup 2022.

Speed dating: Tidlegare i år kåra Norges Fotografforbund dette bryllaupsfotoet til årets bilete. Cecilie Hatløy fekk 95 poeng og gull for «Speed dating». På biletet sit bryllaupsparet Wilde Amalie Jakobsen Longva og Martin Likolai Longva på Folk Spiseri i Ulsteinvik. Det er Per Eide som har tatt bileta i bakgrunnen. No skal bryllaupsfotoet representere Noreg i World Photographers Cup 2022. Foto: Cecilie Hatløy 

Nyhende

Fotograf Cecilie Hatløy er tatt ut på landslaget i fotografi med biletet «Speed dating» og skal vere med å representere Noreg i World Photographic Cup 2022. 35 nasjonar er med i meisterskapen.